Over 1,2 milliardar kroner til landbruket i Rogaland
I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bøndene i Rogaland fekk til saman 1 268 049 229 kroner i tilskot for 2019. I heile landet blei 10,25 milliardar kroner utbetalt. På landbruksdirektoratet sine nettsider kan du sjå utbetalingar for kvart fylke, kommune og føretak.
Her kan du sjå tilskotslistene
Landbruksføretak søkar om produksjons- og avløysartilskot i mars og oktober kvart år. Kommunane behandlar deretter søknadane, og i slutten av februar påfølgande år blir tilskotet utbetalt. Tala i listene over tilskot for 2019 er basert på alle søknadane ferdig behandla innan februar i år, og nokre få søknadar ligg av ymse grunnar enno til behandling.
Om produksjonstilskot
Føremålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Produksjonstilskot omfattar desse ordningane:
- Arealtilskot
- Kulturlandskapstilskot
- Tilskot for husdyr
- Tilskot for dyr på beite og utmarksbeite
- Driftstilskot til mjølkeproduksjon
- Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
- Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
- Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
- Arealtilskot til økologisk landbruk og tilskot til økologisk husdyrproduksjon
- Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker
Du kan lesa meir om produksjonstilskotet på Landbruksdirektoratet sine nettsider
Om tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Føremålet med ordninga er å legga til rette for at dei som driv med husdyr skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlastning, gjennom å bidra til å finansiera leige av arbeidskraft.
Du kan lesa meir om avløysartilskotet på Landbruksdirektoratet sine nettsider