Regelverk for ekstrautbetalinga
Det er no fastsett regelverk og endelege satsar for ekstrautbetalinga av produksjonstilskot i 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.07.2022
Ekstrautbetalinga av produksjonstilskot blir basert på søknadsrundene for produksjonstilskost i oktober 2021 og mars 2022. Sjølve utbetalinga vil kome i september. Dei som startar opp i 2022 får utbetaling i februar 2023.
Tilskota blir berekna på grunnlag av satsar og definisjonar fastsett i jordbruksavtalen 2022-2023.
Regelverket og meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.