Tid for å søkje produksjonstilskot og avløysartilskot

Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadssystemet opnar for registrering 1. oktober, og vi tilrår at søknaden blir levert i god tid før fristen.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

Det er dei dyra som du har 1. oktober som skal førast opp i søknaden. Du finn meir informasjon om kva du kan søke på i "Veileder til søknad om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket" som du finn på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Vær nøye med utfylling av søknaden

Det er viktig at det er rette tal som blir lagt inn i søknaden. Søknaden fyller du ut elektronisk, og du finn søknaden på Altinn. Før søknaden kan sendast inn må du trykke på knappen "Kontroller søknad". Etterpå må du hugse på å trykke på "Send inn"-knappen. Du får då opp eit vindu med stadfesting på innsendt søknad.

Det blir samtidig sendt stadfesting på innsendt søknad til foretakets Altinn-innboks. Du bør sjekke at kvitteringa er mottatt etter at søknaden er sendt inn (vær merksam på at det kan ta litt tid før kvitteringa blir tilgjengelig i Altinn). Dersom du ikkje får kvittering på innsendt søknad i Altinn, må du kontrollere om du faktisk har sendt inn søknaden og eventuelt kontakte kommunen for hjelp.

Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen om du har spørsmål.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.