Produksjons- og avløysartilskot for 2019 er utbetalt
I veke 8 blei det utbetalt totalt 1,2 milliardar kroner til 4058 landbruksføretak i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 25.02.2020
Totalt var det 4090 føretak i Rogaland som søkte om produksjons- og avløysartilskot i 2019. Det var 70 føretak færre som søkte i 2019 samanlikna med 2018.
Det er framleis 10 søknader som ikkje er ferdigbehandla i kommunane, og det er 22 søknader som er avlått eller avvist under saksbehandlinga.