Tilskot til miljøtiltak i skogbruket 2022
I 2022 er det sett av 6 millionar til tilskot til miljøtiltak i skog. Søknadsfristen er 1. oktober.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilskot til miljøtiltak skal gå til skogeigarar som tek vare på nøkkelbiotopar i større omfang enn det som er forventa av næringa. Ein kan også få tilskot friluftslivstiltak, får å ivareta og synliggjere kulturminne, ivareta og gjere skjøtselstiltak i nøkkelbiotopar, og fjerne av frøformerte planter av utenlandske treslag utanfor produksjonsbestand av slike treslag.
For 2022 er det ein nasjonal pott på 6 millionar til dette føremålet. Ordninga følgjer reglane i NMSK-forskrifta § 6 og er omtalt på Landbruksdirektoratets heimeside under Tilskudd til miljøtiltak i skog.
Tilskotssatsar og tiltak
Det er sett ei øvre grense på 75 000 kroner per skogeigar.
Du kan få tilskot for å:
- gjere skjøtseltiltak og tilrettelegge for å ivareta og utvikle nøkkelbiotopar.
- tilrettelegge for friluftsliv i tilknyting til skogområde.
- ivareta eller synleggjere kulturminne i tilknyting til skogområde.
- fjerne frøformerte planter av utanlandske treslag utanfor produksjonsbestand i nærleiken av nøkkelbiotopar eller regionalt/nasjonalt viktige naturtypar.
- dekke meirkostnadar for å unngå vegbygging som vil redusere «villmarksprega område» ved skogsdrift.
Maksimal tilskotssats er 70 prosent av meirkostnaden eller det økonomisk tapet. I tillegg er det mogleg å få inntil 30 prosent i tilskot for å dekke tap for å:
- ta vare på nøkkelbiotopar, rovfuglreir og tiurleiker i eit større omfang enn det som blir forventa av næringa (fratrukke ein arealavhengig eigenandel). Med dette meines ei langsiktig bevaring der omsynet til miljøverdiane krev at skogeigar avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta. Her vil kommune førelegge ein avtale med omkring 10 års varigheit.
Fristar og søknadsbehandling
Søknadsfrist i 2022 er 1. oktober.
Skogeigar kan søke digitalt til kommunen gjennom skogsfondskontoen ved å logge inn i Altinn, eller på papirskjema. Ein kan søke på tilskotet fortløpande til fristen går ut. Etter søknadsfristen har kommunen tre veker til å løyve tilskot og sende ut vedtaksbrevet med arbeidsfrist.
Avgrensingar
Tilskotet er avgrensa til område der det blir drive skogbruk. Det er ikkje mogleg å få tilskot til tiltak i verneområde eller område som er definert til anna enn landbruksføremål der ein ikkje kan drive ordinært skogbruk. Høyr med den skogansvarlege i din kommune om du er usikker på om du kan få tilskot.
Nøkkelbiotop?
Ein nøkkelbiotop er eit område som er særleg viktig for det biologisk mangfaldet. I desse områda finn ein ofte artar eller typar natur som er sjeldne i landskapet. Nøkkelbiotopar blir mellom anna kartlagt når skogeigarar får laga skogbruksplan for eigedommen.