Fiskeundersøkingar i Rogaland i 2017
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Resultata for 2017 viser at tettleiken for eldre laks og aure i elvane var redusert frå året før, men innanføre det som kan kallast naturlege årsvariasjonar. For Fuglestadåna og Hålandsåna er innslaget av eldre aura minkande i perioden 2009-2017. Alle innsjøane har tette bestandar av aure.
I 2017 er følgjande innsjøar undersøkt, alle i Gjesdal kommune:
- Djupavatnet
- Indre Sliravatn
- Holmavatn
...og følgjande elver:
- Fuglestadåna med utløp i Hå kommune
- Kvassheimsåna med utløp i Hå kommune
- Figgjoelva med utløp i Klepp kommune
- Dirdalselva med utløp i Gjesdal kommune
- Hålandsåna med utløp i Suldal kommune
Alle dei undersøkte elvene og Indre Sliravatn har lange tidsseriar.
Rapporten med resultata frå undersøkingane finn du i lenka til denne nettsaka.