Endring av fiskereglar i Lyseelva og Varhaugelvene
Miljødirektoratet har vedteke endra fisketid i Lyseelva og endra døgnkvote i Varhaugelvene. Reglane for fiske etter laks og sjøaure i resten av fylket er uendra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forskriftene for fiske i sjø og vassdrag, med blant anna fisketider, blir revidert kvart 5. år. Gjeldande forskrifter vart vedteke i 2021. I tråd med retningslinjene, kan det mellom hovudreguleringane opnast for heilt naudsynte endringar i forskriftene.
Miljødirektoratet har vedtatt endringar i forskriftene for 33 vassdrag og to sjøregionar i Norge. I Rogaland er fisketida endra for Lyseelva og døgnkvota for laks endra for Nordre og Søndre Varhaugelv. For Lyseelva er fisketida for laks redusert og fastsett til 15.06 - 31.8. Dette er gjort etter ønske frå lokal forvaltning i elva. For Nordre og Søndre Varhaugelv er døgnkvota auka til 2 laks per fiskar per døgn.
Tabellen viser endringane som gjelder fiske i Rogaland:
Vassdrag | Kommune |
Fisketid |
Spesielle bestemmelser |
N.Varhaugelv | Hå | L: 17.07 - 31.08 | Døgnkvote per fiskar: 2 laks |
S.Varhaugelv | Hå | L: 15.07 - 31.08 | Døgnkvote per fiskar: 2 laks |
Lyseelva | Sandnes | L: 15.06 - 31.08 Ø: 15.06 - 20.09 |
Døgnkvote per fiskar: 3 laks og 3 sjøørret |
Fiske i 2022
Med unntak av endringane i Lyseelva og i Nordre og Søndre Varhaugelv, er fisketidene i vassdrag og sjø uendra for Rogaland i 2022. Endringsforskrift for vassdrag finn du til lenkene til høgre.
Kontaktpersonar
-
Stig Sandring
Tlf: 51 56 89 31