Mostun natursenter
Naturinformasjonssenteret fekk autorisasjon som nasjonalt våtmarkssenter i desember 2012. Senteret ligg i Mosvatnparken i Stavanger. Alle arrangement ved Mostun vert publisert på Facebook.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tre lokalitetar
Besøkssenter våtmark Jæren omfattar Mostun natursenter i Stavanger kommune, Friluftsfyret Kvassheim i Hå kommune og Frilusthuset Orre i Klepp kommune. Kvassheim og Orre, drifta av Jæren friluftsråd, blei åpna i 2010 og 2012 (etter brann). Mostun natursenter er dreven av Naturvernforbundet i Rogaland i samarbeid med Stavanger kommune, Norsk ornitologisk forening og Norsk botanisk forening.
Utstillingar
Frilluftshuset Orre har varmestue, takoverbygd opphaldsrom, forsamlingslokale og utstillingsrom. I utstillingsrommet har det sidan gjenåpninga i 2002 blitt vist ei tradisjonell utstilling med presentasjon av naturmangfald og kulturhistorie i Jærstrendene landskapsvernområde.
Friluftsfyret Kvassheim inneheld varmestue og maskinhus. Maskinhuset har mellom anna feltarbeidsrom i kjellaren, resepsjon og redningsutstilling i 1.etasje og utstilling om RAMSAR og Jæren våtmarkssystem i 2.etasje. RAMSAR-utstillinga er supplert med utstillinga ” Frå istid til nåtid”, film om naturverdiene i Jæren våtmarkssystem, publikumskikkertar i varmestua, fuglesilhuettar, stereoskop, ny fotoutstilling med tema ”Fuglar i sivskogen” og forundringskasse.
Mostun natursenter har to tradisjonelle utstillingar - den eine er ein kopi av delar av RAMSAR-utstillinga på Kvassheim, den andre er ei utstilling om trua naturmangfald i Rogaland. Natursenteret har enkel servering av økologisk mat og drikke, gratis informasjonsmateriell og salg av lokale naturbøker, fuglekassar og andre artiklar.
Les meir om aktivitetane i dei ulike delane av våtmarkssenteret i lenkene til nettsidene Besøkssenter våtmark Jæren, Mostun, Kvassheim og Orre.