Jærstrendene

Jærstendene landskapsvernområde er namnet på kyststripa frå Tungenes i nord til Ogna i sør. Mot vest ligg Nordsjøen, mot aust det flate jærlandskapet. Her er mange og lange badestrender, mektige sandyner, eit rikt fugleliv og mange vanlege og uvanlege planter. Det meste av strekninga er verna som landskapsvernområde, plantefredningsområde eller fuglefredningsområde. Statsforvaltaren har ansvaret for forvaltninga av dei verna områda.

Kontaktpersona er fordelt kommunevis:

  • Kristian Wilén Haaland
    • Klepp kommune
    • Hå kommune
  • Synnøve Elise Thorvaldsen
    • Sola kommune
    • Randaberg kommune

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.11.2020

Stort arbeid med rydding av avfall på Vik, Jærstrendene

Jæren Friluftsråd har, i samarbeid med grunneigar og Fylkesmannen i Rogaland,  gjennomført eit storstilt ryddeprosjekt på Vik i Klepp kommune. Store mengder plast og anna avfall er fjerna. Den naturlege stranda framstår no som godt restaurert, til glede for grunneigar og dyre- og planteliv.


Publisert 29.10.2020, Sist endra 09.12.2020

Besøksstrategi for Jærstrendene

Miljødirektoratet har i brev av 15.10.2020 godkjent "Besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde". Besøksstrategien blei utarbeidd av Fylkesmannen etter godt samarbeid med kommunar, Rogaland fylkeskommune, Jæren friluftsråd og fleire innspel i samband med lokal høyring.


Publisert 04.09.2020

Fylkesmannen langs jærstrendene

Jærstrendene landskapsvernområde, med fugle- og plantefredningar, er eit nasjonalt og internasjonalt viktig verneområde, lengst sørvest i Noreg. Det strekk seg sju mil langs jærkysten, gjennom kommunane Randaberg, Sola, Klepp og Hå.


Publisert 25.11.2019

Avgrensa høyring av besøksstrategi 2019-2025

Fylkesmannen i Rogaland har laga utkast til ny besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde 2019-2025. Høyringtsfrist for merknader er 1. februar 2020.

 


Publisert 08.02.2018

Besøksstrategi for Jærstrendene

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å utarbeide ein eigen besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde.

Strategien skal nyttast som eit verktøy i ein strategisk og god forvaltning av verneområdet, slik at:

  • opplevingane for dei besøkande og den lokale verdiskapinga skal bli størst mogleg
  • samstundes som forståing for vernet vert auka og verneverdiane vert teken vare på i eit langt perspektiv. Ved interessemotsetnader mellom bruk og vern skal verneverdiane ha forrang.

Publisert 06.12.2017

Naturarven: Ryddige strender i Randaberg

Nå i haust har miljøvernavdelinga kartlagt alle former for avfall og strandsøppel langs heile kyststripa i Randaberg, frå Randaberg-bukta i nord til Vistnes i sør. Til saman er det snakk om drygt 80 stadar der vi bidreg med å få fjerna smått og stort av avfall. Gode lokale hjelparar i organisasjonane Clean Shores og Seasick Fish skal ha stor takk for sin innsats. Likeså og ikkje minst, dei mange grunneigarar som ryddar kvart år, og Jæren friluftsråd med sin rekordinnsats i år!


Publisert 01.11.2017

Naturarven i Rogaland

Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.


Publisert 04.03.2016

Rådgjevande utval

Det rådgjevande utvalet for Jærstrendene er oppnemnt av Fylkesmannen i Rogaland. Utvalet er eit rådgjevande utval for forvaltingsstyresmakta. Ei sentral oppgåve er å bidra med innspel i samband med utarbeiding og oppfølging av ny forvaltingsplan.