Naturarven i Rogaland

Fylkesmannen sin visjon er å ta vare på Rogaland. I dette ligg å ta vare på også dei uerstattelege naturverdiane i vårt mangfaldige landskap - dette er arvesylvet for våre ungar i mange slektsledd.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2017

Fylkesmannen og Statens naturoppsyn får i desse dagar fjerna store mengder oppslag av tre og buskar – mellom anna sitkagran og rynkerose. Dette for å ta vare på dei lyskrevjande artane og naturtypane i området. Men og for å behalde det storslåtte landskapsbildet som Brusand er så kjent for.

Vi har og planar om forsiktig beite og brenning for å stagge aukande takrøyr-vegetasjon, og opne opp laupet mellom Vaulen og Fuglestad-elva for å betre vassføringa.

Brusand plantefredningsområde ligg i Jærstrendene landskapsvernområde på sørvest-sida av tettstaden Brusand. Det som gjer område unikt er samanhengen frå sjøen, gjennom det store sanddynesystemet og til ein såkalla lagune (Vaulen) som renn ut i Fuglestad-elva.

Dette samla natursystemet fører til en rik artsflora med mange truga- og raudlista artar av både planter, fugl og ikkje minst insekt. Området har internasjonale kvalitetar og er eit såkalla Ramsar-område innanfor Jæren våtmarkssystem. Logo Ramsar

 

Orkideen Purpurmarihand Fjerning av busken tinnved nord på Brusand, Kvalbein.

Orkideen Purpumarihand
Foto Anders Lundberg

Fjerning av busken tinnved, nord på Brusand, Kvalbein. Foto Fylkesmannen i Rogaland


Visste du at våtmarkene våre blir kalla biologiske supersystem ? Det er eit nasjonalt miljømål at utrydding av truga våtmarksartar skal stansast og status for artar i nedgang skal vere betra innan 2020.

 

Myrperlemorvinge  Toppdykkar trivst best i våtmark.
Myrperlemorvinge
Foto: Per Terje Haaland
Toppdykkar trivst best i våtmark.
Foto: RS Karlsen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.