Fylkesmannen langs jærstrendene
Jærstrendene landskapsvernområde, med fugle- og plantefredningar, er eit nasjonalt og internasjonalt viktig verneområde, lengst sørvest i Noreg. Det strekk seg sju mil langs jærkysten, gjennom kommunane Randaberg, Sola, Klepp og Hå.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Korleis sikra dei unike natur- og kulturverdiane for ettertida, samstundes som det er aktivt landbruk og meir enn ein million friluftsbrukarar? Dette er dei viktigaste utfordringane i verneområdet.
Besøksstrategi for jærstrendene
For å handtere desse utfordringane på ein best mogleg måte, har Fylkesmannen utarbeidd ein Besøksstrategi for jærstrendene. Hovudmålet for strategien er tredelt:
- sikre verneverdiane på lang sikt
- gi best moglege opplevingar
- ... og såleis og legge til rette for lokalt reiseliv.
Elleve strender. Elleve filmar
Eitt av tiltaka i strategien er å presentere filmar frå dei mest besøkte strendene. Dette er gjort i nært samarbeid med TV Vest. Slik ønskjer vi å skape respekt og forståing for det unike kulturlandskapet, og gi folk rike opplevingar. Alle filmane finn du (alfabetisk ordna) under. Dei er tilgjengelege på YouTube-kanalen vår. I tillegg er det laga ein kort introduksjonsvideo – og ein "samlevideo".
Introduksjon
Alle strendene. Ein samlevideo
Bore
Borestranda i Klepp er landskapsverna, og ei av dei lengste sanddynestrendene i landet. Her møter havet mektige sanddyner. I sandmarka bak dynene er det eit rikt plante- og fugleliv. Dei grunne sjøområda er særs viktige for overvintrande havender, skarv og lomar. Fylkesmannen og Statens naturoppsyn gjennomfører omfattande skjøtsel for å ta vare på vegetasjon og sanddyner. Bore er blant dei mest besøkte strendene, ikkje minst av surfarar. Området er godt tilrettelagt for besøk, med informasjonstavler, stor parkeringsplass og toalett.
Brusand
Brusand i Hå er landskapsverna, men òg plantefreda med strenge vernereglar. Naturverdiane har gitt det Ramsar-status (internasjonal konvensjon). Sanddynekysten har utvikla seg dei siste 70 år. Bak hovuddynene ligg ein open lagune som det verna vassdraget Fuglestadåna renn gjennom. Her er fuktige dynetrau, bakdyneeng og tørrare lynghei. Her lever nokre av dei mest sjeldsynte plantene i landet, eit rikt fugleliv, og samstundes sjeldne insekt. Brusand er eit referanseområde, noko som inneber skjerming av verdiane, utan tyngre tilrettelegging.
Fylkesmannen og Statens naturoppsyn driv skjøtsel og overvaking i området. Krigskulturminnet «Hitler-tennene» står i rekker langs vegen. Desse skulle hindre allierte styrkar å gå i land. Området er godt tilrettelagt med parkeringsplass, toalett og turveg til stranda.
Hellestø
Hellestøstranda i Sola er landskapsverna, med plantefredning og geologisk naturminne i sør. Her er velutvikla aktive dyner og breitt bakdynelandskap, med sjeldsynt planteliv og rikt på småfugl. Området er prega av slitasje og framande planteartar, noko Statens naturoppsyn har følgt opp i mange år.
Stranda er blant dei mest besøkte. Her er parkering, toalett, renovasjon og infoskilt, forvalta av Jæren Friluftsråd.
Hå gamle prestegard
Stranda ved Hå gamle prestegard er landskapsverna og fuglefreda (Ramsar-område), i tillegg til plantefreda ved Obrestad fyr. Områder er rullesteinsstrand, med overgang til morene-klintkyst i sør. Her renn Hå-elva ut, eit nasjonalt verna laksevassdrag. Elveosen er særs viktig for fugl, både under trekk og overvintring. Dei mange besøkande må ta omsyn til dette for å unngå forstyrring. Spesielt i strandsona er det sjeldsynte vegetasjonstypar og truga artar.
Her er naustmiljø, rike eldre og nyare kulturminne, og ikkje minst Hå gamle prestegard med si spennande historie, utstillingar, museum og serveringsstad. Godt tilrettelagt med parkeringsplass og infotavler – og drifta av Hå kommune. Prestegarden er tilknytt Kystpilgrimsleden.
Kvassheim
Kvassheimstranda i Hå er prega av rullestein og innanforliggande strandvollformer. Det er landskapsverna, med fuglefredning (Ramsar-status) i Kvassheimbukta. Gravanda er spesielt ein karakterfugl i bukta, der Kvassheimåna renn ut. Mykje fugl trekker forbi her vår og haust.
Kvassheim-gravfelta er blant dei største i landet. Her er lange kystkulturtradisjonar og redningshistorie. Friluftsfyret Kvassheim er i statleg eige, drift av Jæren Friluftsråd som har gjort ein omfattande oppgradering, med utstillingar om fyrhistorie og dei rike fugleverdiane. Kvassheim er delsenter for Besøkssenter våtmark Jæren, saman med Orre friluftshus og Mostun natursenter i Stavanger.
Ogna
Ognasanden i Hå er eit referanseområde for sanddynekyst langs jærstrendene. Dette inneber at ein skjermar området i stor grad, utan tyngre tilrettelegging. Det er landskapsvern og plantefredning. Vernet strekker seg langt ut i sjøområda, som del av Jærkysten marine verneområde. Her renn Ogna laksevassdrag ut i nord.
Her er det god breidde på sandkysten, noko som gir grunnlag for særs verdifullt plante- og insektliv, men òg eit av dei beste områda langs kysten for småfugl og sjøfugl. Ogna er eit nasjonalt landskap for malarkunst, og har industrihistorie med tareressursane.
Orre
Orrestranda i Klepp er eit hovudbesøksområde langs kysten. Her er Noregs lengste samanhengande sandstrand med mektige sanddyner og bakdyner. Strandområdet er landskapsverna, i tillegg til fugle- og plantefreda (Ramsar-status). Plantesamfunna er uvanleg rike, med artar som berre finst her i landet. I nord ligg Revtangen, der tusentals fugl rastar under trekk om vinteren. Derfor har Stavanger Museum i mange tiår overvaka fuglelivet, med nasjonal stasjon for ringmerking. Det er betydelege utfordringar med å skjerme fuglelivet frå forstyrringar.
Området er særs godt tilrettelagt av Jæren Friluftsråd, med parkering, stiar og Natur- og friluftshuset Orre, med utstillingar om verneverdiar og arrangement. Dette er også eit delsenter for Besøkssenter våtmark Jæren, saman med Friluftsfyret Kvassheim og Mostun natursenter i Stavanger.
Refsnes
Refsnesstranda i Hå er landskapsverna sanddynekyst, med sjeldne vegetasjonstypar og artar frå ytre dyner til indre dynehei. Her er gode leveområde for småfugl på land, og grunnvassområde for lomar og dykkarar, med tidvis store flokkar andefugl.
Her er mykje besøk frå søre Jæren. Jæren Friluftsråd driftar friluftsområdet, godt tilrettelagt med parkering, toalett og sti til sjøen. Besøkande må unngå å gå sørover inn i sårbart fuglefredingsområdet ved Nærland.
Sola
Solastranda i Sola er den klart mest kjente og besøkte delen av jærstrendene; ikkje minst frå dei tusentals tilreisande frå utanfor Jæren. Sanddyner og bakdynelandskap er landskapsverna, med ei rekke småbiotopar med rikt planteliv. Her er også ein av dei ytst få levestadar for den truga strandmurar-bia. Inne på flyplassområdet ligg eit planteverna område med til dels særs sjeldne planter.
Solastranda er sær god tilrettelagt av Jæren Friluftsråd, med parkeringsplassar, infotavler, toalett og stiar til stranda. Det store besøkstalet inneber utfordringar med slitasje i sanddynene.
Tungenes
Tungenes i Randaberg er den nordlegaste enden av Jærstrendene landskapsvernområde. Her finn du kysttypen bergstrand, med rike naturtypar og tilpassa artar på strandberg, tangvollar, i strandeng og strandsump og lynghei. Dei botanisk interesserte kan finne ei lange rekke sjeldsynte artar i desse biotopane. Under fugletrekket og i vinterhalvåret er det mykje sjøfugl og vadefugl. Det er eit eigenarta landskap, med flott utsikt mot storhavet i vest og Ryfylke i nordaust.
Tungenes er eit særs gammalt kulturlandskap. Ein finn gamle fornminne, steingardar, krigsminne og freda Tungenes fyr, med museum og kulturarrangement som vert drifta av kommunen. Eit nytt kystkultursenter er under planlegging. Tungenes er særs mykje besøkt heile året, også av mange syklistar. Godt tilrettelagt av kommunen, med parkering, infoskilt, toalett og utstillingar.
Ølberg
Ølbergstranda i Sola er ikkje ein del av verneområdet, på grunn av bygningar og fiskerihamn. Det er likevel store natur- og opplevingskvalitetar knytt til dette korte strekket med sandynekyst. I dei grunne marine områda ved stranda kan besøkande oppleve sjøfuglar som mellom anna sjøorre, skarv, horndykkar og teist. I nord og sør går stranda over i bergkyst, med mange krigsminne frå andre verdskrigen.
Ølbergstanda har store besøkstal, spesielt om sommaren. Jæren friluftsråd driv eigen campingplass ved stranda, og tilrettelegging og skjøtsel av dei sårbare sanddynene. Her er parkeringsplass, toalett, privat serveringsstad og ei lita fiskerihamn.