Stort arbeid med rydding av avfall på Vik, Jærstrendene
Jæren Friluftsråd har, i samarbeid med grunneigar og Fylkesmannen i Rogaland, gjennomført eit storstilt ryddeprosjekt på Vik i Klepp kommune. Store mengder plast og anna avfall er fjerna. Den naturlege stranda framstår no som godt restaurert, til glede for grunneigar og dyre- og planteliv.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Friluftsrådet organiserer strandrydding langs heile Jærkysten, både med eigne prosjekt, samarbeidsprosjekt og dugnadsbaserte aksjonar, der Jæren Friluftsråd koordinerer frivillige enkeltpersonar og grupper. Samla sett blir det gjort ein særs stor innsats for å ta vare på eit vakkert landskap med store natur- og kulturkvalitetar i eit av dei viktigaste verneområda i landet.
På Vik er ein gammal fylling rydda , og strandlina har fått tilbake ein tilnærma naturleg utsjånad. Som bilda viser er store mengder plast, metall og betong fjerna. Dagens grunneigarar har ikkje vore ansvarleg for avfallet, men tvert om vore opptatt av å få det fjerna for å få tilbake fin strand.
Området ligg i Jærstrendene landskapsvernområde med fuglefreding. Avfallet blei frakta bort for sortering. Av omsyn til fuglelivet blei arbeidet gjennomført seint på hausten, når det er mindre fugl i området.
Stranda er restaurert så godt som råd. No vil vær, vind og hav gjere sin del av arbeidet. Det blir spennande å følge med på utviklinga!
Jæren Friluftsråd fortset det gode arbeidet langs Jærkysten. Fylkesmannen i Rogaland takkar for solid innsats og ser fram til fleire spennande prosjekt, til glede for oss alle og for rik natur.