Klima i kart og arealplan

Foto: Tonje Fjermestad Aase

God arealplanlegging er grunnleggande for å redusere klimagassutslepp og tilpasse oss til dei pågående klimaendringane. Statsforvaltaren har samla relevante kartlag i eigne «knappar» så det skal vere enklare å bruke dei som vurderingsgrunnlag mellom anna i arealplanlegging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2022

Karbonrike areal

Ubebygde areal kan innehalde store lagre av karbon, som gir klimagassutslepp dersom dei blir forstyrra. Endring og nedbygging av slike areal vil ofte gi store klimagassutslepp, og samtidig redusere framtidig opptak av karbon/co2 på areala. Størst utslepp kjem ifrå nedbygging av myr og skog med høg bonitet. Det er og sannsynleg med store klimagassutslepp ved nedbygging av anna skog, dyrka mark og beite. Estimat på karbonkonsekvensar av arealbruksendringa kan ein rekne ut her. 

Knappen «karbonrike areal» samlar kartdata ifrå ulike kjelder, om myr og skog med høg bonitet. Målet med det er å gi ei enkel oversikt over dei viktigaste karbonrike areala, basert på dagens kunnskap om karboninnhald i grunnen.

Statsforvalteren i Rogaland

 

Flaum og fordryging

Ved arealplanlegging er det og viktig å se på kva effektar klimaendringane har og vil få. I vår region gjeld dette i første rekkje vatn. Det vil stort sett bli meir nedbør, høgare havnivå, og moglegvis meir fare for tørke på sommaren. Kor vatnet kjem frå, kor mykje og i kva tilstand, og kor det tar vegen vidare er viktig å vite om. Derfor må ein sjå på kor stort nedbørsfeltet er, kva type terreng, arealtype, grunnforhold og andre arealinngrep. Er det «verdiar» nedstraums som blir meir sårbare dersom aktuelt areal blir bygd ut? Er det på sikt planar om inngrep oppstraums som kan auke sårbarheita for aktuell utbygging? Dette gjer det nødvendig å kartlegge areal som er viktige for vassbalansen. Dette gjeld sjølve vassdraga med flaumsoner, avrenningslinjer og vassoppsamlingsstader ved nedbørhendingar, og areal som er nyttige for å magasinere, filtrere og forsinke vatn. Slike areal er gjerne myrer og våtmarker, skog og søkk i terrenget. Å samle desse tema vil gjere det enklare å sjå heilskapleg på vatnet. Det vil og synleggjere viktigheita av å sikre samanhengande areal der vatnet får plass når det trengs, og kan utfalde seg saman med andre viktige goder som natur og friluftsliv.

Naturmangfald og naturens goder

Dei nemde arealtypane er ofte verdifulle for naturmangfald, friluftsliv/folkehelse, landbruk og kulturmiljø. Mange av artane på raudlista i Rogaland er avhengige av myrer i låglandet, til dømes. Desse verdiane må sjåast i samanheng når ein vurderer arealinngrep.

Økosystemtenester er eit begrep som kan brukast for å kombinere goder vi får ifrå naturen. Desse verdiane fell ofte utanom når vi skal verdsetje areal økonomisk. Vi må derfor bli flinkare til å verdsetje dei andre godene eit naturprega areal bidrar med, utover naturen sin eigenverdi.

Kart i kommuneplan

Kommunen kan bruke dei eksisterande karta over myr og skog til å få ei oversikt over kor i kommunen karbonlager og vassfordrygingsareal ligg. For å få meir presis kunnskap må ein utføre kartlegging. Eit slikt grunnlagskart kan visast som eit temakart, eller vere eit utgangspunkt for ein temaplan med føremål å ta i vare viktige areal for klimautslepp eller -tilpasning.

For å ta vare på dei karbonrike areala er det naturlig å vise dei som LNFR ((landbruks-, natur- og friluftformål samt reindrift) i kommuneplanens arealdel. Miljødirektoratet oppfordrar til å i tillegg markere dei som omsynssone for særlege omsyn til naturmiljø, og angi kva interesser som skal takast i vare. Deretter kan ein knyte retningslinjer til sona, til dømes om å unngå inngrep av omsyn til klimagassutslepp. Kommunen kan og stille krav om lokalisering av landbruksbygg i LNFR-områda for å unngå nedbygging av karbonlager, gjennom pbl § 11-11 nr. 1 eller 2. I planskildringar bør ein omtale kva karbonrike areal som blir forstyrra, og om mogleg anslå nivå på konsekvensar for klimagassutslepp.

Gode opne vass- og flaumveger bidrar til eit robust overvassystem som toler klimaendringane. For at dei skal fungere og levere etter hensikta må dei inn i overordna planlegging. Vatnet må planleggast for ifrå kjelde til utløp i sjø. Reguleringsplan er ikkje det beste plannivå for å ivareta denne typen heilskapleg planlegging, og vi risikerer «frimerkeplanlegging» med mange små planar som ikkje heng saman når det gjeld vassforvaltning. Vi meiner derfor at kommunane bør legge dei primære hovudflaumvegane som omsynssoner i kommuneplanens arealdel.

Naturbaserte løysingar

Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning kom i 2018 og skal sikre at planlegging bidrar til å redusere klimagassutslipp og tilpassar seg klimaendringane. Eit livskraftig og variert naturmiljø er mindre sårbart for endringar, og kan medvirke til samfunnet si tilpassing.

Retningslinjene seier at kommunar bør kartlegge økosystem og arealbruk med betydning for klimatilpassing. Spesielt våtmarker, myrer, elvebredder og skog som kan dempe effektene av klimaendringer er viktige å ivareta i arealplanlegginga. Skog og jordforvaltning kan og vere viktige.  Ein må finne heilskaplege løysingar som tar vare på økosystem og arealbruk med betydning for klimatilpasning, og som også kan bidra til auka kvalitet i uteområde. Planar skal ta omsyn til behovet for opne vassveger, overordna blågrønne strukturar, og forsvarleg overvasshandtering. Det er tydeleg i retningslinjene at slike naturbaserte løysingar skal prioriterast.

Temakart

Knappane «flaum og fordrøying» og «karbonrike areal» finn ein nede til venstre i kartvindauge på www.temakart-rogaland.no, der det står «temakart». Dette er ein enklare måte å finne fram til relevante kartdata på. Kartlaga ligg allereie tilgjengelege i hovudmenyen. For at ein ikkje skal måtte leite gjennom alle kategoriane har vi gjort slik at dei kartlaga vi meiner er relevante for eit tema kan slåast på med eitt tastetrykk. I kartlagsmenyen til høgre ser ein kva kartlag som er på, og kan her slå dei av, og sjå teiknforklaringa.

Andre behov?

Dette kartverktøyet er under utprøving, og er meint å vere eit hjelpemiddel for kommunar som vil få ei oversikt over moglege klimagassutslepp og klimatilpassing i til dømes kommuneplanar og reguleringsplanar. Vi tar gjerne imot innspel til korleis vi kan forbetre kartinnhaldet; som nye tema eller andre fargar. Målet er at desse knappane kan vere ein start på korleis betre ivareta økosystemtenester som karbonlagring og vassfordryging i arealplanlegginga. Slik håper vi å legge betre til rette for kommunane sitt arbeid med å skjerme areal som er viktige, men som ikkje enno målast i kroner og øre. Løysinga på mange av våre utfordringer ligg i å la naturen få rom. Det gjeld og mange av bærekraftsmåla vi vil oppnå.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.