Erstatning i 2020 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland
I Rogaland er det generelt låge tap/skadar på husdyr der freda rovvilt er skadegjerar. I beitesesongen 2020 var det noko meir tap/skadar enn i eit normalår. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 357 319,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Me har fått 20 søknadar om erstatning, og desse søkar om erstatning for 181 lam/sauer tatt av ulv og 41 sau/lam sau drepen av kongeørn. Totalt er det søkt erstatning for 222 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr. Søknadane kjem frå sauebesetningar som beiter i Bjerkreim, Bygland, Bykle, Hjelmeland, Hå, Lund, Kvinesdal, Sirdal, Suldal, Tysvær og Åseral kommunar.
I alt 98 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2020. Av desse er 9 dyr dokumentert/antatt sikkert drepne av kongeørn i Bjerkreim, Hjelmeland, Hå, Lund, Time og Tysvær kommunar. I tillegg er det usikkert om kongeørn har drepe 1 dyr undersøkt i Hjelmeland. Vidare er 2 dyr dokumentert drepen av ulv i Lund kommune. Dei andre kadavera er anten drepne av rev, hund, ikkje rovvilt, ulykke, eller at det er ein usikker årsak.