Vassdrag
Tiltak i og langs vassdrag som kan ha betydning for leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar og krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.
Opent møte om Hålandsvatnet
Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til opent møte om Hålandsvatnet 2. juni kl 17.30 – 19.00. På møtet presenterer forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norwegian Research Centre (NORCE) ein ny rapport om tilførsler av næringsstoff og behov for avslasting.
Publisert 05.04.2022
Oppdatert informasjonsbrosjyre om tiltak i vatn og vassdrag
Statsforvaltaren, Rogaland fylkeskommune og NVE har oppdatert brosjyren frå 2010 om tiltak i vatn og vassdrag. Informasjonsbrosjyren blir nå heildigital, og kan lettare oppdaterast ved behov.
Publisert 19.07.2019
Fiskedød etter betongutslepp i Hålandselva i Suldal
Fylkesmannen fekk i går melding om betongutslepp i Hålandselva i Suldal. Utsleppet skal ha tatt livet av lakseyngel frå fleire mindre årsklassar – og nokre større laks.
Publisert 18.03.2019
Ny rettleiar om kantvegetasjon langs vassdrag
Kantvegetasjon i form av urter, gras, buskar og tre, dannar næringsgrunnlaget for livet i og langs vassdrag. Eit kantvegetasjonsbelte kan òg bidra til å binde kantsona og redusere faren for erosjon.
Kantvegetasjonen langs vassdraga våre er under sterkt press, og er omhandla av ei rekke lover. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har difor no laga ein rettleiar om kantvegetasjon. Rettleiaren tar føre seg myndigheitsutøvinga etter vassressurslova §11 og avklarar forholdet til andre lover som rører ved kantvegetasjon langs vassdrag.
Publisert 09.07.2018
Seminar om fiske- og vassdragsforvalting 2018
10. september blir det haustseminar om fiske- og vassdragsforvalting i Rogaland. Aktuelle tema for dagen er mellom anna regelverk og eksempel knytt til tiltak i vassdrag, flytting og utsetting av fisk og tilstanden til vassdrag/fisk i Rogaland.
Publisert 04.01.2018
Naturarven - Våre historiske laksevassdrag
Miljøvernavdelinga har no fått gjort tilgjengeleg historiske registreringar av våre lakseelver i Rogaland. Dette er ein skatt for alle som er interessert i våre vassdrag, og ikkje minst elveeigarar og fiskarar!
Publisert 30.11.2017
Nei til utbygging av vasskraft i Hjelmeland og Forsand
Olje- og energidepartementet har vedtatt at det ikkje blir gitt løyve til bygging av Songesand kraftverk i Skurvedalen i Forsand kommune. Samstundes har Noregs vassdrags- og energidirektorat avslått søknadane om utbygging av Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune.
Kontaktpersonar
-
Annette Fosså
Tlf: 51 56 89 20