Tilskot for trua naturtypar
Gjer du tiltak for å ta vare på en trua naturtype kan du søke tilskot. Målet er å ta vare på trua naturtypar i Norge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kva områder kan du søke for:
Trua naturtypar omfattar både
- utvalde naturtypar (eks. Kystlynghei, Slåttemark, Slåttemyr, Hole eiker) og
- trua naturtypar på Norsk raudliste for naturtypar (eks. Strandeng, Naturbeitemark/semi-naturlig eng)
Det gis ikkje tilskot til trua naturtypar i verneområde.
Kven kan søke:
I dette tilskotet kan grunneigar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemd og institusjonar få tilskot.
Kva kan det søke om:
Du kan søke pengar til tiltak for å fremma ein trua naturtype. Nedanfor ser du eksempl på naturtypar du kan søke om tilskot til i Rogaland, og kva tiltak som kan være aktuelle.
Naturtype |
Tiltak |
Slåttemark (semi-naturlig eng) og slåttemyr (semi-naturlig myr) |
Slått, restaurering, utarbeida skjøtselsplan |
Kystlynghei |
Lyngbrenning, rydding, gjerding, utarbeida skjøtselsplan |
Naturbeitemark (semi-naturlig eng) |
Utarbeida skjøtselsplan, krattrydding, tiltak mot framande artar, gjerding |
Hol eik |
Kronereduksjon |
Høgmyr, kystmyr og rikmyr |
Restaureringstiltak, utarbeida tiltaksplan |
Høgstaude edellauvskog og lågurt edellauvskog |
Fjerning av framande artar, styving |
Tiltaka er delt inn i direkte og indirekte tiltak. Direkte tiltak blir gjennomført i felt for å betre naturtypen. Indirekte tiltak bli ikkje gjennomført i felt, men fremmer skjøtselen av trua naturtypar og informasjonsarbeid.
Korleis søke og krav til søknaden:
Søknadsfristen er 15. Januar. Søknaden skal sendes inn elektronisk i Miljødirektoratets søknadssenter. Søknadsportalen opnar rundt ein månad før. Når du fyller ut søknaden ønsker vi at du følger søknadsmalen som er lagt som eit vedlegg her på sida.