1/5 del av innbyggarane på Jæren bur i gåavstand til Jærbanen
Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur 18 % av innbyggarane i gåavstand til jernbanestasjon. Det viser ei utrekning Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområde Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren vil kunne auke denne andelen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Folketalet i Stavanger, Sandnes, Klepp, Time, Hå og Eigersund er 261 301. Ei GIS-analyse gjort av Fylkesmannen viser at 46 701 av desse bur i gåavstand til jernbanestasjon. Det er lagt til grunn 550 m avstand i vår utrekning.
Kommune | Folketall 01.01.2015 | Inbyggarar i influensområde til bane |
% av inbyggarane i influensområde til bane |
Stavanger | 132102 | 19857 | 15 |
Sandnes | 73624 | 10684 | 15 |
Klepp | 18741 | 1929 | 10 |
Time | 18306 | 4343 | 24 |
Hå | 18528 | 8362 | 45 |
Eigersund | 14916 | 1526 | 10 |
Sum | 261301 | 46701 | 18 |
Størst del innbyggarar i Hå har gåavstand til Jærbanen (45 %). Time kjem og bra ut med Jærbyen Bryne og Bryne stasjon (24 %). Færrast med gåavstand til Jærbanen har Eigersund og Klepp med 10 %.
Kven utviklar seg best framover - Stavanger eller Sandnes, Varhaug eller Nærbø?
Stavanger og Sandnes kjem likt ut med 15 %. Det blir interessant å sjå kven av dei to kommunane og bysentra som klarer å auke denne andelen best og mest i åra framover.
Og kan Varhaug (2559) ta igjen Nærbø (2631)? Kor fort går utviklinga i Jåttåvågen, og når vil utbygginga i Bybåndet sør gjere Øksnevadporten til ein langt større og viktig stasjon?
Jernbanestasjon | Busette i influensområde til stasjon (sortert etter høgaste tal) |
Stavanger sentrunm og Paradis | 12158 |
Sandnes sentrum og Sandnes (Brueland) | 6519 |
Ganddal | 4165 |
Bryne | 4128 |
Jåttåvågen | 2923 |
Nærbø | 2631 |
Varhaug | 2559 |
Mariero | 2524 |
Gausel | 2252 |
Vigrestad | 1987 |
Egersund | 1413 |
Klepp stasjon | 1221 |
Øksnevadporten | 708 |
Sirevåg | 465 |
Ogna | 371 |
Brusand | 349 |
Hognestad | 215 |
Hellvik | 113 |
Sum | 46701 |
Fylkesmannen si analyse har ikkje vurdert arbeidsplassomfang i same influenseområde.