Fylkesmannen tilrår kort tunnel til Årdal
Fylkesmannen har hatt planprogrammet for rassikring av riksveg 13 mellom Tau og Årdal til høyring, og konkludert med å tilrå alternativ 4. Det betyr kort tunnel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Me skal ivareta tre omsyn i ei slik sak; beredskap, landbruk og miljø. Beredskapsomsynet tilseier at den aktuelle strekninga må sikrast mot ras snarast råd. Det kan gjerast innanfor potten med tilgjengelege rassikringsmidlar, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
Forstår ønsket om lang tunnel
– Me seier i uttalen vår at me har stor forståing for ønsket om lang tunnel. Reisetida mellom Tau og Årdal blir monaleg redusert, med dei positive følgjene det får for alle som ferdast langs denne delen av riksveg 13. Skulle lang tunell la seg finansiera rimeleg raskt, meiner Fylkesmannen at alternativ 2b bør veljast. Det er også viktig å vera klar over at alternativ 4 betyr at lang tunnel uansett kan byggjast på sikt, fastslår fylkesmannen.
Heile uttalen frå Fylkesmannen i Rogaland ligg i høgremargen.