Utvida pilotprosjekt - naturmangfald i plan
Miljødirektoratet utvidar sitt pilotprosjekt der dei gir økonomisk støtte til å utvikle kommunedelplanar for naturmangfald. Søknadsfrist er 20.02.17.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I 2016 fekk 5 norske kommunar, deriblant Haugesund, økonomisk støtte frå Miljødirektoratet til å utvikle kommunedelplanar for naturmangfald. Målet med prosjektet er å sjå korleis slike planar for naturmangfold kan vere eit verkemiddel for å ta vare på naturmangfaldet lokalt. No utvidar direktoratet pilotordninga med 5 nye kommunar, med søknadsfrist 20.02.17. Fylkesmannen oppmodar kommunar som er interessert i å arbeide meir systematisk med naturmangfald i arealplan til å søke!
Meir info om pilotordninga her.
For lokale erfaringar frå pilotprosjektet kan de kontakte prosjektleiar Ingrid Ebne i Haugesund kommune, tlf. 52 74 30 36 eller ingrid.ebne@haugesund.kommune.no.