Reglar for refusjon og utbyggingsavtalar i plan- og bygningslova
Fylkesmannen har på vegner av Sandnes kommune bede Kommunal- og moderniseringsdepartementet avklara reglane for refusjon i plan- og bygningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.07.2017
Sandnes kommune har i møte med Fylkesmannen peikt på fleire forhold som kommunen meiner er utfordrande i praktiseringa av regelverket om refusjon i plan- og bygningslova.
På bakgrunn av dette opplyste Fylkesmannen departementet om kommunen si oppfatning av stoda, og ba departementet gi kommunen sitt syn på saka.
Svaret frå departementet finn du her (og som vedlegg i nettsaka).