Samfunnstryggleik og beredskap

Oppdatert 20.12.2023

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


21.12.2023, Endra 21.12.2023

Kommunetrappa 2023

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».


20.12.2023

Oransje farevarsel om svært kraftige vindkast i delar av Rogaland og Agder

Eit stormsenter som nå ligg vest for Island, blir gjennom dagen forsterka og legg seg over Sør-Noreg midt på dagen torsdag. 


11.12.2023

Tilskot klimatilpassing

Kommunar og fylkeskommune kan søke om midler til kunnskapsauke om korleis klimaendringane påverkar dei, og til utgreiinger om konkrete tiltak som kan settast i verk for å møte klimaendringane. Søknadsfristen er 15. februar.


11.12.2023

Tilskot klimatilpassing

Kommunar og fylkeskommune kan søke om midler til å auke kunnskapen om korleis klimaendringane påverkar dei, og til utgreiinger om konkrete tiltak som kan settast i verk for å møte klimaendringane. Søknadsfristen er 15. februar.


21.11.2023

Bærekraftsuka 2023 er i full gang

Bærekraftsuka 2023 arrangeres av Statsforvalteren i Rogaland og går av stabelen 20. - 24. november. Hovedtaler under åpningen mandag var verdenskjente professor Jeffrey Braithwaite fra Australia. Hele åpningen ble sendt live på Facebook og kan sees der. Det er fortsatt mulig å bli med på flere av våre arrangement under Bærekraftsuka. Torsdag og fredag er det popup-bruktbutikk i Statens hus.


27.09.2023

Bærekraftsuka 2023: Åpning

Vi åpner Bærekraftsuka 2023 direkte fra Statens hus. Til åpningen kommer professor Jeffrey Braithwaite, en internasjonal anerkjent talsperson for bærekraftig utvikling. Du kan følge hele åpningen via Statsforvalterens Facebook-side.


14.09.2023

Nettverkssamling for samfunnstryggleik og beredskap

Statsforvaltaren har sidan 2008 arrangert ei årleg nettverkssamling for dei som arbeider med samfunnstryggleik og beredskap i kommunane i Rogaland. I år blir nettverkssamlinga på Boretunet i Klepp kommune torsdag 19. til fredag 20. oktober (lunsj til lunsj).


27.07.2023

Økt beredskap for utbrudd av fugleinfluensa hos villfugl i Rogaland

Mattilsynet har bedt alle kommunene gjøre nødvendige forberedelser dersom det blir et tilsvarende utbrudd av fugleinfluensa i Rogaland som er i Finnmark.


30.06.2023

FylkesROS for Rogaland er revidert

Omsider har FylkesROSen for Rogaland ifrå 2018 blitt revidert. Det skulle vere ein enkel revisjon, men mykje er skjedd i fylket og i verda sidan 2018, så det tok meir arbeid og tid enn me hadde planlagt.


23.06.2023

Nye aktsemdkart for snøskred

Dei nye aktsemdkarta for snøskred er meir detaljerte enn før, og dei viser også meir omsyn til lokalt klima, skog og skredbane. Dette inneber at nokre stader er aktsemdssona mindre enn i dei gamle karta, og andre stader større. 

 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel