Handtering av havnivåstigning i kommunal planlegging
Rettleiaren "Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging" er no publisert. Føremålet er å gje råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe oversikt over risiko og sårbarheit knytt til havnivåauke, stormflo og bølgjer.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd den nye rettleiaren. Utgangspunkt er å unngå skade på busetnad, anlegg og konstruksjonar på grunn av overfløyming.
DSB kom i 2008 med rapporten Havnivåstigning - estimater av framtidig havnivåstigning i norske kystkommuner (revidert i 2009). Rapporten viser venta havnivåauke og stormflo for alle norske kyst- og fjordkommunar i 2050 og 2100. Tala i rapporten er usikre. Mange kommunar og utbyggarar meiner derfor at det er vanskeleg å vite korleis dei skal bruke tala i rapporten. Denne uvissa er bakgrunnen for at DSB har utarbeidd denne rettleiaren.
I nye byggeområde kan kommunen som planstyresmakt påverke det enkelte byggverk og stille krav til plassering og utforming. Byggteknisk forskrift TEK10 skal leggjast til grunn for planlegginga. For eksisterande bygningar rår ein til at kommunane legg til grunn tryggleikskrava i TEK10 for å vurdere om sikringstiltak bør gjennomførast.
I denne rettleiinga har DSB valt å byggje på same systematikken som ein finn i NVEs retningslinje nr.2/2011 Flaum- og skredfare i arealplanleggingen.
Kontaktpersonar
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80