Eigenberedskapsveka 2023: Slik blir du betre førebudd på krise

Lure ting å ha på lager Foto: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Temaet for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVA. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øva og ta nødvendige grep for å styrka eigenberedskapen. – Hjelper du seg sjølv, hjelper du også andre, seier statsforvaltar Bent Høie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2023

Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. På nettstaden sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføra på mobilen sin. I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis ein kan få dekt grunnleggande behov i ein krisesituasjon.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritera hjelp til dei som treng det aller mest. Det betyr at mange innbyggarar må vere budde på å klara seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss ein mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller at det blir vanskeleg å koma seg ut for å handla.

– Ved å vera førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein krisesituasjon. Hjelper du deg sjølv, hjelper du med andre ord andre. På den måten er du ein viktig del av beredskapen i Noreg. Alle som kan bør vera rusta til å klara seg sjølv i minst tre døgn, seier statsforvaltar Bent Høie.

Heile Noreg øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

– Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtera det. Øving gjer oss meir bevisste og gir kunnskap og trening. Det gjer at me står betre rusta til å komma oss gjennom små og store kriser, seier Høie.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår alle husstandar i landet å styrka eigenberedskapen sin.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB – i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.