Statsforvaltaren er bindeledd mellom staten og kommunane, og har eit særskilt ansvar for å samordne og føre tilsyn med arbeidet med samfunsstyggleik i fylket. Statsforvaltaren skal vere pådrivar og rettleia kommunane i det førebyggande arbeidet, og har også ei koordinerande rolle under kriser.
Regional beredskap
Samfunnstryggleik er sektorovergripande, og kan ikkje handterast i ein sektor eller på eitt forvaltningsnivå. Arbeidet må koordinerast og samordnast mellom sektorar og mellom styresmakter på lokalt, regionalt og sentralt nivå.
Samferdselsdepartementet bør prioritera strekningsmåling av fart i Ryfast
Fylkesmannen ber Samferdselsdepartementet etablera streknings-automatisk trafikkontroll (ATK) i Ryfylketunnelen og framtidige undersjøiske tunnelar i Rogaland.
Publisert 14.12.2018
Samfunnssikkerhetskonferansen 2019
Den årlege samfunnssikkerhetskonferansen finn stad på UIS 3. januar 2019. Hovudtema denne gong er Lokalt ansvar for nasjonal tryggleik. Det er framleis mogleg å melde seg på!
Publisert 28.06.2018
Stor NATO-øving til hausten
Øvinga Trident Juncture 2018 blir den største øvinga i Norge på mange tiår. 40 000 soldatar, 130 fly, 60 fartøy og 30 nasjonar deltek i øvinga. Norge tilbød seg å vere vertsnasjon i 2014.
Publisert 13.10.2016
Må me læra oss å leva med terrorfrykt?
Dette er tema for Samfunnssikkerhetskonferansen onsdag 4. januar 2017. Konferansen tar føre seg truslar mot Noreg, kva som skaper frykt og kva dette betyr for dimensjoneringa av beredskapen.
Publisert 03.07.2015
Ny instruks for samfunnstryggleik og beredskap
19. juni blei ein ny instruks for Fylkesmannen sitt arbeid med samfunnsstryggleik og beredskap vedtatt. Fylkesmannen sitt samordnings- og pådrivaransvar når det gjeld samfunnstryggleiksarbeidet i fylket er tydelegare enn før.
Publisert 22.08.2014
Ny handbok i øvelsesplanlegging
Boka er eit resultat av langvarig og godt samarbeid mellom naudetatane og samvirkeaktørar innan redningstenesta. Målet er å bidra til læring og utvikling innafor fagområdet.
Publisert 24.07.2014
Auka beredskap i Norge
Politiets sikkerhetsteneste PST har auka trugselbiletet i Norge. Fylkesmannen har vore i kontakt med politidistrikta i Rogaland og i Haugaland- og Sunnhordland. Vi har ingen spesifikk trugsel mot Rogaland.
Publisert 24.10.2013
Samfunnstryggleik og nye trusselbilete
Vi inviterer til den nasjonale Samfunnssikkerhetskonferansen i Stavanger torsdag 9. januar 2014.
Publisert 07.01.2010
Viss straumen går...
Det er ingen andre hendingar i fredstid som har større konsekvensar for samfunnet enn langvarige straumbrot. Særskilt om vinteren vil ei slik hending få alvorlege følgjer. Det er ønskjeleg med betre beredskap for dette i Rogaland.
Publisert 22.04.2009
Beredskap mot truslar og skyting på skular
Det utenkjelege var tema for ei øving Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen gjennomførde for 30 vidaregåande skular frå heile Rogaland 21. april 2009.