Viss straumen går...
Det er ingen andre hendingar i fredstid som har større konsekvensar for samfunnet enn langvarige straumbrot. Særskilt om vinteren vil ei slik hending få alvorlege følgjer. Det er ønskjeleg med betre beredskap for dette i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi har for tida eit uvanleg kaldt ver. Den sterke kulda har gjort at vi har satt rekord når det gjeld uttak av elektrisk straum, og salet av elektriske omnar går som varmt kveitebrød. I slike tider ser vi kor avhengige vi er av straumen.
Kan skje
Det er lite sannsynleg at straumen er borte over lengre tid dei aller fleste stadar i Rogaland, men det kan skje. Det mest omfattande straumbrotet dei siste ti åra hadde vi sjuande juni 2002. Då var heile Sør-Rogaland utan straum i fire timar. Det var eit tilsvarande straumbrot i Nord-fylket 13. februar 2004. Begge desse hendingane fekk relativt store konsekvensar som var vanskelege å handtere. I tillegg er det fleire døme på langvarige straumbrot i andre delar av landet. Vinteren 2007 og 2008 var fleire tusen personar i Agder-fylka utan straum i over eit døgn grunna mykje snø og tre som fall over straumlinjene. Steigen kommune i Nordland var utan straum ei veke i 2007 på grunn av uvêr.
Straumforsyninga i Rogaland
Straumen kjem inn til Nord-Rogaland og Sør-Rogaland frå to ulike linjer i kvar region. Under normale forhold kan ei av linjene vere nede for reparasjon og vedlikehald samstundes som den andre linja har nok kapasitet til normal drift. Det er likevel ikkje samband mellom straumnettet i Nord- og Sørfylket. Den eine regionen kan derfor ikkje hjelpe den andre dersom begge innføringslinjene er nede samstundes. Fleire av dei store innføringslinjene på 300kV-nettet tek til å bli gamle. Saman med aukande energiforbruk gjer dette at marginane for stabil straumforsyning minkar. Dette trass i at det sidan 2002 er lagt betre til rette for å nytte eigenprodusert straum frå Lysebotn, og etablert nye rutinar for at linjer som er nede for vedlikehald raskare kan koplast opp igjen.
Årsaker til svikt
Den mest sannsynlege årsaka til svikt i kraftforsyninga er ekstremt vêr. I første rekke er det snakk om sterk vind som knekk master og blæs ned leidningar. Lynnedslag, is, snø eller salt på leidningar og koplingar til trafostasjonar kan føre til kortslutningar som tek tid å reparere. Sidan vi ventar meir ekstremt vêr framover meiner Fylkesmannen det er særs viktig at kraftselskapa prioriterer å gjere straumforsyninga i fylket meir robust. Mellom anna vil ei samanbinding av straumnettet nord og sør for Boknafjorden styrkje samfunnstryggleiken og gjere oss mindre sårbare.
Alvorlege konsekvensar
Det er ingen andre hendingar i fredstid har større konsekvensar for samfunnet enn langvarige straumbrot. Lyset og varmen blir borte, heisane stoppar, trafikklysa vil ikkje lenger fungere, automatiske dører opnar seg ikkje, viftesystema i både tunnelar og fjøs stoppar opp og det er ikkje mogleg å tanke bensin. Vidare vil dei elektroniske betalingsterminalane og datasystema ikkje lenger fungere, og pumpesystema for vatn og avløp stopper opp. Etter nokre timar vil butikkar og verksemder måtte stenge, kjøle- og frysevarer blir øydelagde og ferjekaiane kan ikkje brukast. Dersom straumbrotet er på den kalde årstida som no, vil både bustader, skular og barnehagar raskt bli nedkjølte og vatn og avløp vil fryse til.
Ei anna utfordring er telenettet. Dei, stadig færre, som har telefon knyta til fastnettet er stort sett uavhengige av straum og vil derfor kunne bruke telefonen som vanleg. For alle dei andre som baserer seg på IP-telefoni (breiband) vil telefonen ikkje virke når straumen går. Mobilbrukarane vil på si side erfare at mobilnettet fell saman grunna overbelastning eller når basestasjonane går tomme for reservestraum. Dette får konsekvensar for korleis vi kan kontakte sjukebil, politiet og brannvesenet.
Betre beredskap må til
Vi må arbeide for å gjere straumforsyninga mindre sårbar, og vi må ha ein god beredskap til å takle langvarige straumbrot. Før var det meir vanleg at straumen blei borte og folk flest var vante til å klare seg ei viss tid utan. I dag tek mange det for gitt at straumen er der alltid, og dei tenker ikkje over kor sårbare dei er. Til dømes bruker fleire og fleire gass til oppvarming. Dei færraste er klare over at også gassen treng straum for å nå fram til kundane.
For å setje fokus på sårbarheit og beredskap innafor kraftforsyninga har Fylkesmannen laga ein detaljert risiko- og sårbaranalyse. Analysen er ein del av ei overordna risiko- og sårbaranalyse for heile Rogaland. Fylkesmannen har tatt for seg ulike problemområde knytt til svikt i kraftforsyninga og har sett på utfordringar og tiltak. Så langt det er mogleg har vi skissert kven som har ansvar for å rydde opp innafor dei ulike områda. Analysen finn du til høgre.
Kontaktpersonar
-
Grete Flåten
Tlf: 51 56 88 36 -
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31