Litt om nyhetsabonnementet ditt

Du har tidlegare registrert deg som abonnent på nettsidene til Fylkesmannen i Rogaland og har samtykka til å motta nyhendevarsling på e-post. Kvar gang det blir publisert nytt innhald på sida / sidene du abonnerer på, får du automatisk e-postvarsel om dette til di aktuelle e-postadresse. Opplysningane som er registrert hos oss blir berre nytta til e-postvarsling, og det er berre administratorar internt i vår organisasjon som har tilgang til opplysningane. E-postutsendinga blir handtert av systemet EPiServer, og tenesta lagrer trafikkinformasjon om e-postutsending i 14 dagar for å kunne ivareta sporbarheit og eventuell feilretting. Sjølve innhaldet i e-postane blir ikkje lagra. Dersom du melder deg av e-postvarslinga, blir e-postadressa din sletta frå våre system.

Dersom du ikkje lenger samtykker til å stå som mottakar av nyhendevarsling på e-post, eller ønskjer å endre innstillingane dine kan du melde frå om dette her:

https://www.fylkesmannen.no/rogaland/abonnement/

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.07.2018

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.