Tilsyn
Statsforvaltaren fører tilsyn med både offentlege og private verksemder. Me kontrollerer at lover og reglar blir haldne. Når me til dømes har tilsyn med kommunane, kontrollerer me om kommunen kan dokumentera at aktiviteten og avgjerdene er i samsvar med lovpålagde plikter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilsyna skal bidra til kvalitet og forsvarlege tenester. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike tilsynsområda som Statsforvaltaren i Rogaland har ansvaret for.
Informasjon og rapportar frå Statsforvaltaren sine planlagde tilsyn med kommunane, finn du i tilsynskalenderen. Her finn du også ei oversikt over eldre tilsyn.
Under tilsyns- og kontrollområde finn du relevant informasjon knytt til dei ulike områda der Statsforvaltaren har tilsyn.
Me skal samordna alle statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar. Meir informasjon om korleis me arbeider med dette, og lenker til andre tilsynsetatar i Rogaland, finn du under samordning og koordinering av tilsyn.
Tilsynskalenderen frå 2022
Vi ønsker velkommen til webinaret om den «nye» tilsynskalenderen. Webinaret er delt opp i ein generell del og ein del retta mot dei som skal legge inn tilsyn/revisjonar i kalenderen. Lenka til oppkobling finn du
her: Microsoft Teams Direktesending 17/11-21
Publisert 25.03.2020
Fylkesmannen stoppar alle arrangement og tilsyn fram til 1. august
Det betyr at me ikkje gjennomfører tilsyn dei neste månadene. Konferansar og arrangement før 1. august er også avlyste eller utsette på grunn av koronapandemien.
Publisert 14.11.2018
Tilsynskonferansen 2018
Tilsynskonferansen 2018 gjekk av stabelen den 8. november på Clarion Hotel Energy.