Fylkesmannen stoppar alle arrangement og tilsyn fram til 1. august

Det betyr at me ikkje gjennomfører tilsyn dei neste månadene. Konferansar og arrangement før 1. august er også avlyste eller utsette på grunn av koronapandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2020

Før sommarferien skulle Fylkesmannen i Rogaland arrangert mellom anna oppvekstkonferanse, beredskapssamling, større konferansar om marint søppel og berekraft i mineralbransjen – og statsborgarseremoni. Dette blir det ikkje noko av på grunn av koronapandemien.

Arrangementa er stort sett avlyste eller utsette, som statsborgarseremonien. Den har me inntil vidare flytta til 1. november. Det blir lagt ut informasjon om andre planlagde arrangement i haust etter sommarferien. Faglege delar av arrangement som er avlyste, kan dessutan bli erstatta med videoløysingar.

Stoppar planlagde tilsyn

Det blir heller ikkje gjennomført tilsyn fram til 1. august, dette gjeld også innan samfunnstryggleik og beredskap. Aktivitetar i haust blir vurderte nærare, inkludert statleg tilsynskalender.

Fylkesmannen vurderer innkomne klager og bekymringsmeldingar nøye, med tanke på ressurssituasjonen i kommunar, helseføretak og verksemder, opp mot alvors- og hastegrad.

Gjennomførte tilsyn blir avslutta på ordinært vis. I kvart enkelt tilfelle blir behovet for kontakt vurdert. Dersom kommunen, verksemda eller helseføretaket opplever at forventa aktivitet er ressurskrevjande, ber me om at ein tar kontakt med kontaktpersonen for tilsynet.

Rådgjeving, rettleiing og rapportering

Sjølv om mykje av det me vanlegvis gjer er sett på vent, er det nok å gjera for Fylkesmannen i Rogaland. Me har eit rådgjevings- og rettleiingsansvar, og skal løysa pågåande og nye saker på ein god måte. Me prøver å oppretthalda så normal drift som mogleg. Men me er i ein ekstraordinær situasjon, med dei fleste av våre tilsette på heimekontor. Mykje av jobben vår handlar om tett kontakt med kommunane i Rogaland. Me har to faste videomøte i veka med dei, og me har møte i fylkesberedskapsrådet kvar torsdag i denne situasjonen.

Det er utruleg mange problemstillingar som dukkar opp. Me svarer på desse fortløpande, så sant me kan. Viss ikkje sjekkar me sakene med dei overordna direktorata og departementa.

Tett samarbeid med sentrale styresmakter

Me har også fleire møte i veka med både Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Helsedirektoratet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og justisminister Monica Mæland.

Fylkesmannen har ei heilt sentral rolle med å halda sentrale styresmakter oppdaterte på situasjonen i Rogaland, med jamleg oppdatering og skriftleg rapportering frå fylket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.