Kulturlandskapsprisen for Trøndelag 2020 er tildelt Ingvild Haga og Jurgen Wegter

Ingvild Haga og Jurgen Wegter fra Vanvikan i Indre Fosen kommune Foto: Lars Berg

Statsforvaltaren har tildelt Ingvild Haga og Jurgen Wegter, i Vanvikan i Indre Fosen kommune, kulturlandskapsprisen i Trøndelag for 2020. 

Vi gratulerer til verdige vinnarar av kulturlandskapsprisen for 2020!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2021

Ingvild og Jurgen kjøpte Fagerli for 16 år sidan, eit bruk som då i lengre tid hadde vore ute av drift og til nedfalls. Dei har gjort eit stort arbeid for å formidle verdiane i eit rikt jordbrukslandskap samt sett i stand bygningar, slåttemark, naturbeitemark, våteng, styvingstre, rydningsrøyser og steingjerde.

Fagerli Gård Foto: Jurgen Wegter

I Fagerli har Jurgen dei siste åra registrert  43 arter av villbier og 42 arter av blomsterfluger amt mange fleire artar, fleire som einast registrering i Fosen og Trøndelag. Fleire av desse er på raudlista. Ingvild og Jurgen ser som svært viktig å tilpasse drifta slik at artsmangfaldet blir tatt vare på eller aller helst blir enda større.

Foto: Jurgen Wegter

Småbruket Fagerli er på 50 dekar og var rydda og reist som eige bruk i 1903. Bygningane er tradisjonelle og restaurering av desse er gjort ved bruk av gamle teknikkar og etter antikvariske prinsipp. Her prøver ein så langt råd er å reparere, går ikkje det så blir det gamle kopiert.

Det som er særleg vektlagt ved tildeling av prisen til Fagerli Naturgård er arbeidet dei har gjort for å visa fram verdiane dei har i landskapet sitt og kor viktig det er å ta vare på det biologiske mangfaldet. Garden skal vera ein møtestad for tradisjonshandverk og naturformidling der folk skal få sjå, oppleva og gjera. Her blir også handverkstradisjonar formidla og det blir arrangert temadagar om kulturlandskapet og skjøtsel.

Til Fagerli kjem mange for å læra og oppleva, barnehagar, skuleklassar, lag og foreiningar og forskarar for å sjå og læra Foto: Jurgen Wegte.

Ingvild og Jurgen er svært opptatt av at naturverdiane i landskapet vårt må formidlast til barn og unge. Dei har difor forfatta og illustrert boka «SOS Blomstereng». Denne boka har gjort at mange har kome til Fagerlia og at Ingvild har besøkt mange barnehagar og skular for å fortelja den gode historia om blomsterenga og livet der.

Foto: Jurgen Wegter

Sjølve kulturlandskapsprisen er ein diplom og pengegåve på kr 15.000  og blir tildelt den eller dei som gjer ein ekstraordinær innsats for jordbrukets kulturlandskap i Trøndelag. For 2020 vart det lagt ekstra vekt på formidling av jordbrukets kulturlandskap, miljøkvalitetar og biologisk mangfald ved tildeling av prisen. Statsforvaltaren fekk inn 10 kandidatar til kulturlandskapsprisen.

Utvelginga av prisvinnaren er gjort av «Fagråd jordbruk» ved Landbruksavdelinga. Dette er samansett av representantar frå Trøndelag Bondelag, Trøndelag Bonde- og småbrukarlag, Norsk landbruksrådgiving, Trøndelag fylkeskommune, Fylkesmannen i Trøndelag, NIBIO og kommunane.

Foto: Jurgen Wegter

Du kan lese meir om prisvinnarane og det dei held på med på:  https://fagerlinaturgard.blog/

https://www.facebook.com/fagerligaard

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar