Sikker melding til Statsforvalteren
Du kan no sende melding og saksdokument til oss ved hjelp av skjemaløysinga Melding til Statsforvalteren
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette er ei sikker løysing for privatpersonar som krev innlogging ved hjelp av ID-porten, og gjer det mogeleg å laste opp filer som dokumentasjon i tillegg til det du registrerar i
skjemaet. Statsforvalteren i Agder praktiserar elektronisk sakshandsaming, og
det er difor ikkje naudsynt for oss å få dokument i papirform. For at vi
skal kunne handsame din førespurnad så raskt som mogeleg ber vi difor om at du nyttar dette skjemaet til din kommunikasjon med oss.
NB! På enkelte fagområde, til dømes handtering av apostille, er det krav om originaldokument i papir, og slike førespurnader må framleis sendast i papirpost.