Med universell utforming blir produkt, bygg, tenester og uteområde for allmenta utforma på ein slik måte at hovudløysinga kan brukast av flest mogleg. Universell utforming skal gi alle betre høve til likeverdig samfunnsdeltaking. Dette gjeld ikkje berre personar med nedsett funksjonsevne, men også for eldre og familiar med barn i barnevogn.
Universell utforming er forankra i fleire lovverk
Universell utforming er ein strategi som stiller krav til samarbeid og tverrfagleg perspektiv i planlegging, brukarmedverknad, praktisk gjennomføring og evaluering av tiltak. Universell utforming er også forankra og sikra i fleire lover og forskrifter, blant anna diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.
Statsforvaltarens oppgåver
Statsforvaltaren følgjer opp statlege satsingar ved å medverke til å innarbeide universell utforming i regionale og kommunale planar. Statsforvaltaren gir også råd og rettleiing om universell utforming til regionale og kommunale samarbeidspartnarar, og til frivillige lag, organisasjonar og brukargrupper.