Utsleppsløyve til Ose Water AS
Fylkesmannen i Agder har gitt Ose Water AS løyve etter forureiningslova til utslepp av prosessavløpsvatn og kjølevatn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 31.05.2019
Ose Water AS ønskjer å starte vatnproduksjon på gnr/bnr 14/34 på Austad i Bygland kommune. Årleg produksjonskapasitet er om lag 12 000 m3 kjelde- og mineralvatn på flaske. Det vil sleppast ut om lag 3 m3 reinsa prosessavløpsvatn og om lag 43 m3 kjølevatn per døger.
Løyvet etter forureiningslova er gitt med avgrensingar/vilkår. Fylkesmannen har stilt krav om kontroll av utslepp til vatn og støy frå fabrikken.
Vedtak med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.