Friluftsliv

Høst i Setesdal vesthei
Høst i Setesdal vesthei Foto: Pål Alfred Larsen.
Oppdatert 07.03.2023

Alle skal ha høve til å oppleve friluftsliv i naturen og i nærmiljøet, for eksempel å gå turar, å plukke bær og sopp, og å jakte og fiske. Å leggje til rette for friluftsliv er eit viktig tiltak for betre folkehelse. 

Statsforvaltaren skal ta hand om nasjonale friluftsinteresser knytte til strandsona, vassdrag og fjellområde. 

Under behandlinga av saker om arealdisponering skal både Statsforvaltaren, fylkeskommunen og kommunane ta omsyn til allmenta må få høve til å oppleve friluftsliv. Fylkeskommunen kan gi tilskot til tiltak som motiverer til å delta i friluftsliv, og til å sikre og opparbeide friluftsområde. 

Jakt og fiske

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er bestemt i lova eller ved eigne vedtak. Det er Miljødirektoratet som fastset jakttida for ulike artar, men kommunane kan forlengje eller forkorte jakttida for enkelte artar. I verneområde kan det gjelde spesielle reglar for jakt eller vere jaktforbod. Kommunane er styresmakt for det meste av viltforvaltninga, mens fylkeskommunen har ein rettleiarfunksjon og Statsforvaltaren er klageinstans.

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn. Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. 

Vis meir


Publisert 07.09.2022

Sjøfugljakt på utvalgte offentlige eiendommer 2022-2028

Ordningen med allmenn tilgjengelig jakt på sjøfugl, mink og kråke på offentlige områder i Agder videreføres for perioden 2022-2028.


Publisert 07.07.2014, Sist endra 07.09.2022

Strandsona for alle - hvilke regler gjelder?

Hovedregelen for telting er to døgn på samme sted.