Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:
- tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
- behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
- gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
- stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
- vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg