Rovvilt og beitesesongen 2021

Statsforvaltaren og Statens naturoppsyn har høg beredskap gjennom sommaren i tilfelle det oppstår skade på husdyr der freda rovvilt er årsak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2021

Me minner om at det er viktig at Statsforvaltaren får melding om observasjonar av freda rovvilt og kadaverfunn der det er mistanke om at freda rovvilt er skadegjerar. Vakttelefonen for rovvilt er operativ sju dagar i veka: 40 91 65 74.

Informasjonsfoldar

I foldaren om rovvilt og sau i Agder for beitesesongen 2021 kan du finne mykje nyttig informasjon om rovviltforvaltninga og kven du kan kontakte ved observasjon av freda rovvilt eller skade på husdyr av freda rovvilt. I tillegg kan du lesa om førebyggande tiltak, rovvilterstatning og rutiner ved funn av kadaver med meir.  

SMS-varsling

Me oppmodar alle beitebrukarar i rovviltregion 2 (tidlegare Aust-Agder) til å registrere seg for SMS-varsling om viktige hendingar knytt til store rovdyr i beitesesongen. Du kan registrere deg for SMS-varsling her: https://rovviltvarsling.fylkesmannen.no/

Inntil vidare er denne tenesta dessverre ikkje tilgjengeleg for tidlegare Vest-Agder (rovviltregion 1).