Vatn

Oppdatert 20.12.2023

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning

Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. 

Statsforvaltarens oppdrag

Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Statsforvaltaren er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir


Publisert 29.08.2018

Søknader om tillatelse til mudring av krypsiv på 28 lokaliteter

Tiltaksgruppa mot krypsiv i Agderfylkene søker om tillatelse til mudring av krypsiv på 28 lokaliteter i Mandalselva, Otra og Sira-Kvina.