Endring av forskrift Hisdal naturreservat i Bykle
Endringa gjeld bruk av snøscooter langs veg til Store-Hisdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljødirektoratet har kome til at dei vil føreslå ei endring i verneforskrifta for Hisdal naturreservat; slik at bruk av snøscooter på trace langs veg til Store-Hisdal skjer etter føresegnene i motorferdsellova. Ei slik endring inneber at det ikkje er naudsynt å søkje om særskilt løyve for motorferdsel på denne traseen etter verneforskrifta.
På bakgrunn av dette, føreslår Fylkesmannen i Aust-Agder at den spesifiserte unntaksføresegna § 4 nr. 4 i verneforskrift for Hisdal naturreservat (FOR-2008-12-19 nr. 1446) blir endra til å lyde:
Køyring og parkering på bomveg inn til gardane i Store-Hisdal. Bruk av snøscooter på ubrøyta veg inn til Store-Hisdal følgjer føresegnene i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.
Her er lenkje til den gjeldande forskrifta.
Oppmoding om uttaler til høyringa
Fylkesmannen i Aust-Agder bed om uttaler til endringsforslaget innan 26. september 2014
Uttaler kan sendast skriftleg til Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga, Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal eller på e-post til fmaapost@fylkesmannen.no.
Ver venleg og merk med saksnr. 2013/13.