Forvaltingsplan Hisdal naturreservat i Bykle
Kom gjerne med innspel til planen - fristen er 11. november.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hisdal naturreservat blei verna ved kgl. res. 19.12.2008. Fylkesmannen har utarbeidd forslag til forvaltingsplan for reservatet. Målet med forvaltingsplanen er å ta vare på føremålet med planen, og gjeva retningsliner for bruken av området slik at det ikkje kjem i konflikt med vernet. Verneområdet er ein del av Setesdal Vesthei i Bykle kommune, og utgjer eit areal på totalt 16 228 dekar.
Høyringsperioden er frå 1. oktober til 11. november 2013.
Her kan du laste ned forslaget til forvaltingsplanen. og skjøtselsplan fra 2008.
Grunneigarar og andre aktuelle høyringsinstansar har fått eige brev. Me bed om skriftlege innspel til Fylkesmannen i Aust-Agder, serviceboks 606, 4809 Arendal, eller på e-post til: fmaapost@fylkesmannen.no