Frivillig vern av to område i Birkenes og Åmli kommunar
Oppstart av arbeid med vern av Rislåknuten i Birkenes og Rubbelifjell i Åmli
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.04.2014
Områda har kome fram gjennom ordninga frivillig vern, som tyder at områda er tilbode staten for vern av grunneigar gjennom AT Skog.
Rislåknuten i Birkenes er eit skogområde på ca 1387 daa. Her er lenke til kart over området.
Rubbelifjell i Åmli er eit skogområde på ca 731 daa. Her er lenke til kart over området.
Fylkesmannen oppmodar til å komme med innspel til vernearbeidet, og har sett ein frist til
26. mai 2014.
Du kan sende innspel til: Fylkesmannen i Aust-Agder, Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal, eller på e-post til: fmaapost@fylkesmannen.no
.