Offentleg ettersyn av forslag til vern av to område i skog
Verneforslag for Rislåknuten i Birkenes og Rubbelifjell i Åmli ligg ute til høyring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I medhald av § 43 i Lov om forvaltning av naturens mangfald av 19. juni 2009 (nml) legg Fylkesmannen verneforslag for Rislåknuten naturreservat i Birkenes og Rubbelifjell naturreservat i Åmli ut til offentleg ettersyn.
Verneforslaget for Rislåknuten naturreservat omfattar eigedomane gnr/bnr: 64/1, 64/4, 64/8, 64/21, og 64/11 og utgjer ca. 1388 daa.
Verneforslaget for Rubbelifjell naturreservat omfattar eigedomane gnr/bnr: 20/7 og 20/25 og utgjer ca. 1040 daa. Områda har kome fram gjennom ordninga med frivillig vern der grunneigarar tilbyr staten areal for varig vern.
Oppstart blei kunngjort i april 2014. Grunneigarar, offentlege instansa, foreiningar og lag får eit eige brev om høyringa.
Her kan du lese verneforslaget og kartavgrensing for Rislåknuten naturreservat i Birkenes
Her kan du lese verneforslaget og kartavgrensing for Rubbelifjell naturreservat i Åmli.
Frist for å komme med innspel er sett til onsdag 6. august 2014.