Oppstart av frivillig skogvern i Gjerstad og Åmli
Innspel til oppstartsmeldinga må sendast før 29. april.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I medhald av § 42 i «Lov om forvaltning av naturens mangfold» av 19. juni 2009 (nml), kunngjer Fylkesmannen oppstart av arbeid med sikte på verneform naturreservat, jmf. nml § 37, for eit skogområde i Navassfjell i Gjerstad kommune og eit skogområde langs Storåna i Åmli kommune. Dei to områda har kome fram gjennom ordninga med frivillig vern der grunneigarar tilbyr staten areal for varig vern.
Kartavgrensing for dei to områda finner du i høgre marg. Føremålet med denne meldinga er å invitere til samarbeid i verneprosessen. Vi oppfordrar til å kome med innspel til vernearbeidet. Innspel sendast skriftleg til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal eller på e-post til fmavpost@fylkesmannen.no merka Navassfjell eller Storåna innan fredag 29.04.2016.