Oppstart av vern av skogområde ved Kjesfjell-Gaupenapen i Åmli

Formålet med arbeidet er frivillig vern av et verdifullt skogområde som naturreservat. Fylkesmannen ber nå aller interesserte om å gi innspill til verneprosessen innen 18. mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2016

Fylkesmannen i Aust og Vest-Agder varslar at det er starta opp verneplanarbeid for eit skogområde på eiendommene gnr. 24 bnr. 34 og gnr. 28 bnr. 7 og 30 i Åmli kommune.

Verneform naturreservat

Det blir tatt sikte på verneformen naturreservat, jf. naturmangfoldloven § 37. Området har kome fram gjennom ordninga “frivillig vern”, som inneber at område er tilbode staten for vern av grunneigar gjennom AT-skog. Tilbodet er utarbeidd som ein del av Norges Skogeierforbund si avtale med Miljødirektoratet om å leggje til rette for frivillig vern av skog.

Kartlegging

Biologiske registreringar vart gjennomført i 2006 av Norsk institutt for naturforskning (NINA) på oppdrag fra Miljødirektoratet. I samband med kartlegging av storområdet i 2006 er førebels avgrensing av området Kjesfjell/Gaupenapen redusert, jf. vedlagt kart.

Verdisetting

Registreringane i 2006 fulgte Miljødirektoratet sin mal for naturtyperegistreringar. På ein verdiskala fra en (*) til fire (****) stjerner vurderer Fylkesmannen at arealet som nå vert meldt inn for varig vern er verdsatt med to stjerner (**), regional verneverdi. Opprettelsen av Kjesfjell/Gaupenapen som naturreservat vil dekkje opp manglar ved skogvernet.

Samarbeid om verneprosessen

Føremålet med denne meldinga er å invitere til samarbeid om gjennomføring av prosessen. Vi oppmodar til å kome med innspel til verneplanarbeidet. Dette kan være forhald som man bør omtale i verneforskriften, reguleringar frå kommunane eller spesielle interesser som må tas i vare.

Innspel

Innspel sendast skriftleg til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, miljøvernavdelinga v/Gry G. Engemyr, Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal, eller på e-post til: fmavpost@fylkesmannen.no, merka GGA, innen 18.5.2016.

Vidare arbeid

Offentleg høyring av verneforslaget med verneforskrift vil bli gjennomført snarast mogleg etter at meldingsperioden er over. Vi tar sikte på at heile verneplanprosessen, inkludert tilrådning til Miljødirektoratet, skal være sluttført innan utgangen av 2016.

Det er sendt brev om dette til rettighetshavarar og relevante lokale og regionale interesse-organisasjoner og instanser.