Oppstart med frivillig vern av to skogområde
Urdvatn i Åmli og Røyvassliane i Tvedestrand er tilbode for vern.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Områda har kome fram gjennom ordninga "frivillig vern", som tyder at områda er tilbode staten for vern av grunneigar gjennom AT Skog. Tilboda er utarbeidd som ein del av Norges Skogforbund si avtale med Miljødirektoratet om å leggje til rette for frivillig vern av skog.
Urdvatn i Åmli har eit areal på 1604 daa –avgrensinga kan du sjå i kartet her.
Røyvassliane i Tvedestrand har eit areal på 233 daa–avgrensinga kan du sjå i kartet her.
Du kan gje skriftleg innspel til Fylkesmannen på e-post: fmaapost@fylkesmannen.no eller til:
Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga, Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal innan fredag 13. juni 2014.