Framleis liv i Lundane-trekket i Bykle
Nærare 1000 reinsdyr kryssa rv. 9 litt nord for Hovden fjellstoge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I følgje Statens naturoppsyn (SNO) kryssa omlag 800–1000 reinsdyr rv. 9 ved Lundane bare eit par kilometer nord for Hovden fjellstoge. Dyra kryssa vegen fyrste gong 28. november og har kryssa rv. 9 fleire gongar i tidsrommet 28.11.–05.12.13.
Det har lenge vore usemje om trekket ved Lundane nyttast av reinen i vandring mellom Aust- og Vestheia. Sidan 2006 har det vore tre GPS-prosjekt som har gitt oss kunnskap om reinen sine posisjonar i fjellet gjennom året. Ved hjelp av denne teknologien har årlege vandringsmønster blitt avdekka, og vi kan blant anna konstatere at Lundane-trekket er i aktiv bruk av villreinen (figur 1). Kunnskapen er særs viktig i forvaltinga av villreinen i Setesdal og i Ryfylkeheiene.
Karter viser GPS-posisjonar til to villreinsimler i laupet av den siste veka. Dei to reinsimlene (blå og lyseblå strek) representerar ein flokk med omlag 800–1000 dyr. Den raude streken midt i kartutsnittet er rv. 9. Kartet er henta frå dyreposisjoner.no.