Nasjonale retningslinjer må følgjast
Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, kan Statsforvaltaren gripe inn.
Statsforvaltaren kan gripe inn ved å fremje motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.
Statsforvaltaren er klageinstans
Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.