Forvaltningslova avgjer blant anna korleis ein kommune eller eit statleg forvaltningsorgan skal gjere vedtak, og gir deg som innbyggjar klare rettar i møte med det offentlege:
- Du har rett til å bli varsla om ei pågåande sak.
- Du har rett til å søkje råd hos ein advokat eller ein annan du har tillit til.
- Du har rett til (med nokre unntak) å sjå dokumenta i saka di.
- Du har rett til å få ei grunngiving for det vedtaket som er gjort.
- Du har rett til å klage på enkeltvedtak.
- Du kan i visse tilfelle få dekt sakskostnader dersom vedtaket blir endra etter ei klage.
- Du skal få hjelp til å klage hos den som har gjort vedtaket.
Det er berre vedtak som gjeld rettane og pliktene til enkeltpersonar, som blir rekna som enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans for nokre typar enkeltvedtak.