Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv.
Samtidige lidingar
Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.
Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar , skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.
Tverrfagleg innsats
Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.
Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.
Tvang
Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.