Høyring - Stølslie Biovarme AS søkjer om utviding av fjernvarmeanlegg
- Høyringsfrist:
- 8. august 2019 23:59
Utbyggingsprosjekter på Beitostølen gjev auka etterspurnad etter fjernvarme. Stølslie Biovarme AS ønskjer å ta i bruk lokalt kvalitetssikra returtre som brensel i tillegg til reint skogsvirke.
Eksisterande varmesentral på 700 kW skal utvidast med ein ny biokjel på 1600 kW i løpet av 2019/2020. Dagens bruk av kun reint skogsbrensel søkes erstatta med ei blanding av minst 50% skogsbrensel og inntil 50% sortert og kvalitetssikra returtreflis. Valdres Kommunale Renovasjon IKS skal vere leverandør av returtre til fjernvarmeanlegget.
Søknaden om løyve er utforma med bistand frå Bioen AS. Produksjons- og utsleppsforhold går fram av vedlagt utredning og spredningsberekning frå Bioen AS.
Eit eventuelt framtidig løyve vil bli regulert gjennom utslippskrav i henhald til avfallsforskrifta kapittel 10.
Alle kan sende innspel og kommentarar til søknaden. Innspela sendast Fylkesmannen i Innlandet, enten via denne sida, på e-post til fminpost@fylkesmannen.no eller per brev til postboks 987, 2604 Lillehammer, innan 8. august 2019.
Søknadsdokumenter kan lesast til høgre på denne sida.
- Høyringsfrist:
- 8. august 2019 23:59