Reindrift er ei lita næring i nasjonal målestokk, men i samisk og lokal samanheng er næringa svært viktig for økonomi, sysselsetjing og kultur. Totalt har vi 250 000 tamrein i vårflokk, av desse er meir enn 185 000 i Finnmark. Reindrifta lengre sør har små variasjonar frå år til år, medan reintalet i Finnmark kan variere. Kalvetilgang, tap og slakteuttak er årsaker til variasjonane. Litt over 3000 personar er tilknytt den samiske reindrifta.
Det blir også drive reindrift gjennom fire tamreinlag i Sør-Noreg: Lom, Vågå, Fram og Filefjell reinlag. I tillegg har Rendal Renselskap ei særeiga reindrift, basert på slakt av privateigde dyr i Rendalen, Engerdal og Trysil.
Reindriftsforvaltning hjå Statsforvaltaren
Tradisjonelle driftsgrupper
Det samiske reinbeiteområdet er delt inn i seks regionale beiteområde, som igjen er delt inn i 82 distrikt. Innan kvart distrikt har grupper av reineigarar dyra i ein eller fleire felles flokkar, og samarbeider om den praktiske drifta. Reinen er merkt med eigar. Driftsgruppene blir kalla «siida» og «sijte» på nord- og sørsamisk. Dei siste åra har det vore om lag 100 ulike sommersiidaer og om lag 150 ulike vintersiidaer.
Arealavhengig næring
Lønnsam reindrift krev store areal. Moderne driftsformer inkluderer gode slakte- og samlingsgjerder, god flokkstruktur og moderne slaktemetodar, og dessutan bruk av snøskuter og helikopter. Reindrifta må vere fleksibel og tilpasse seg klimaendringar og rovviltbestanden. Den største utfordringa er likevel å sikre nok reinbeiteareal. Nedbygging og omdisponering av areal, menneskeskapt aktivitet som forstyrrar reinen og konkurranse om utmarka frå andre brukargrupper er med på å presse næringa.
Reindriftsforvaltning hjå Statsforvaltaren
Statsforvaltaren skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Vi skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gje råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gje dispensasjon frå beitebruksreglane når det er sterke grunnar til det, om nødvendig fastsette beitetider for årstidsbeitene og gje fråsegner og kome med motsegn i saker etter plan- og bygningslova.
Reindriftsforvaltning i Sør-Noreg
Statsforvaltaren i Trøndelag har ansvar for reindriftsforvaltninga i Sør-Noreg. Statsforvaltaren i Trøndelag tek seg av ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling. Den formelle retten til å komme med motsegn i plansaker ligg hjå statsforvaltarembetet der arealet ligg. Konkrete arealsaker som gjeld tamreindrift, blir derfor behandla som eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Trøndelag og statsforvaltarembetet der arealet ligg. Du finn meir informasjon på nettsida til Statsforvaltaren i Trøndelag.
Reindriftsavtalen
Reindriftsavtalen er årlege forhandlingar mellom Norske Reindriftssamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet om økonomiske verkemiddel for reindriftsnæringa.
Statsforvaltaren har ansvar for tilskotsbehandling regionalt over reindriftsavtalen. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til siidaandelane.
Rovvilt
Statsforvaltaren har også ansvar for midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for rein drepen av freda rovvilt. Les meir om dette under temaet Miljø og klima hjå Statsforvaltaren i ditt fylke.