Forskriftsregulerte bransjar
Fleire bransjar er regulert direkte i forureiningsforskrifta. Dette inneber at verksemder innan disse bransjane ikkje treng eige løyve, men kan drive lovleg innanfor forskriftas krav og plikter. Verksemdene må likevel sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren i god tid før oppstart eller produksjonsendring. Krematorium må sende ei melding med opplysningar seinast innan ein månad etter oppstart.
Statsforvaltaren kan likevel vurdere at det er behov for å gi løyve med tilhøyrande vilkår dersom forureiningsmessige forhold på staden ikkje blir godt nok tatt vare på gjennom forskrifta aleine.
Krematorium (kap. 10)
Utslepp frå krematorium er regulert av kapittel 10 i forureiningsforskrifta.
Krematorium blir delt inn i to kategoriar:
- kategori I: krematorium med 200 eller fleire kremasjonar per år
- kategori II: krematorium med mindre enn 200 kremasjonar per år
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- utsleppsgrenser
- forbrenningstemperatur
- skorsteinshøgde
- utslepp av røykgass
Krematorium i kategori I skal rapportere resultat frå utsleppsmålingar til Statsforvaltaren innan 1. mars kvart år.
For at krematoriet skal være lovleg etter kapittel 10, skal verksemda seinast innan ein månad etter oppstart sende ei melding med opplysningar om krematoriet til Statsforvaltaren.
Asfaltverk (kap. 24)
Kapittel 24 omfattar stasjonære og mobile asfaltverk med ein produksjonskapasitet på inntil 200 tonn vegmasse pr. time. Større anlegg må ha eige løyve. Anlegg med produksjon på same stad i inntil 2 år vert rekna som mobilt asfaltverk.
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- plassering i forhold til næraste bygningar
- plikt til å hindre støvflukt og luktulemper
- reinsing og utslepp av avgassar
- støygrenser
- journalføring
Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet her.
Fiskeforedlingsverksemder (kap. 26)
Kapittel 26 gjeld for verksemder som slaktar eller foredlar fisk, skjell, blautdyr og skaldyr, som har utslepp til sjø og bruker 50 tonn råstoff eller meir per år.
Det er ingen slike verksemder i Innlandet.
Forbrenningsanlegg for rene brensler (kap. 27)
Kapittel 27 gjeld for forbrenningsanlegg/fyringseiningar basert på reine brensel med nominell tilført termisk effekt frå 1 MW og inntil 50 MW. Anlegg med høgare effekt må ha eige løyve.
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- brensel
- utsleppsgrenser
- skorsteinshøgde
- journalføring
Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.
Miljødirektoratet har utarbeida faktaarket «Forbrenningsanlegg for rene brensler» (M-168|2014).
Kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling (kap. 28)
Kapittel 28 gjeld for verksemder med kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling med ei avløpsvassmengd på under 100 m³/døgn og/eller verksemder der totalvolumet av prosessbada er mindre enn eller lik 30 m³. Større verksemder må ha eige løyve.
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- utsleppsgrenser
- lagring/sikring/merking av prosessbad
- kjemikaliar
- avfall
- journalføring
Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.
Miljødirektoratet har utarbeida faktaarket «Miljøkrav for virksomheter som driver med kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling» (M-1349|2019). Oppsummering frå nasjonal tilsynsaksjon ved bransjen galvano i 2019, kan du finne i M-1499|2019.
Mekanisk overflatebehandling (kap. 29)
Kapittel 29 gjeld for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar samt vedlikehald og reparasjonar av metallkonstruksjonar knytte til faste anlegg/installasjonar, inkludert skipsverft.
Verksemder som har ein forbrukskapasitet på over 150 kg/time eller over 200 tonn/år av innsatsstoffar til overflatebehandling som er basert på organiske løysemiddel, må ha eige løyve frå Miljødirektoratet.
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- tiltak
- utsleppsgrenser
- støy
- journalføring
Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt meldeskjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet til høgre på denne sida.
Produksjon av pukk, grus, sand og singel (kap. 30)
Kapittel 30 gjeld for midlertidige/mobile og stasjonære knuseverk og siktestasjonar som produserer pukk, grus, sand og singel. Anlegg med produksjon på same stad i inntil 1år vert rekna som mobil verksemd.
Forskrifta stiller blant anna krav til:
- skjerming
- tiltak
- utsleppsgrenser
- støy
- journalføring
Verksemder, både stasjonære og midlertidige/mobile skal i god tid før oppstart av nye anlegg eller utvidingar/endringar sende utfylt skjema til Statsforvaltaren. Du finn skjemaet her.
Miljødirektoratet har utarbeida rettleiaren «Miljøveileder for pukkverk» (M-1136|2018). Oppsummering frå nasjonal tilsynsaksjon ved pukkverk i 2018, kan du finne i M-1151|2018.
Kontaktpersonar
Meldeskjema
Skjema for melding til Statsforvaltaren ligg under bokstaven "M" i skjemaoversikten.